 |
Det lokale el-tilsyn (DLE) er pålagt av Produkt-og Elektrisitetstilsynet å utføra kontroll av elektrisk utstyr som vert omsett i vårt forsyningsområde. DLE skal medverka til at bruken av elektrisiteten som vert ført i nettet vert så sikker som råd. DLE skal medverka til å redusera talet på brannar og ulykker som skuldast elektrisitet Skjema for melding installasjonsarbeid: Melding om installasjonsarbeid Vegleiing for utfylling av skjema |
|
TIPS FRÅ DET LOKALE ELEKTRISITETSTILSYNET Skal du kjøpa eller ta over hus som har vore i bruk nokre år? Ta då kontakt med Det lokale Elektrisitetstilsynet ved everket for ein sjekk av det elektriske anlegget.
Brannstatistikken syner at tørrkoking, tildekking av ovnar og feil på elektrisk utstyr er årsaka til dei fleste brannane i bustadhus.
Sjå til at ditt hus ikkje vert det neste som brenn!
Du har som eigar/brukar sjølv ansvaret for at det elektriske anlegget i huset er i orden.
Få straks utbetra feil som du oppdagar på installasjon eller utstyr!
Slik gjer du om jordfeilbrytaren fell ut
Skru ut/slå av alle kurssikringar. Hovudsikringane skal vera på/iskrudd.
Slå på jordfeilbrytaren.
Skru i/slå på ein og ein sikring etter tur.
Når jordfeilbrytaren fell ut att, er det feil på den sikringskursen som høyrer til den siste sikringen du slo på.
Skru ut/slå av sikringen til den kursen det er feil på.
Skru i/slå på alle dei andre sikringane.
Ta straks kontakt med installatør for utbetring av feilen. Om ikkje denne "oppskrifta" hjelper, ta kontakt med everket.
Hovudsikringar og kortslutningsvern Lat heile husstanden verta kjend med kvar hovudsikringane/ kortslutningsvernet står. Om lyset "går", sjå etter om desse sikringane er i orden og om naboen har straum før du tek kontakt med everket.
MELDINGAR FRÅ DLE VED KVINNHERAD ENERGI AS Nye rutinar for melding og kontroll av nyanlegg Frå 1. juli 1999 vart det innført nye landsomfattande reglar for melding og kontroll av nye elektriske anlegg.
Det lokale eltilsyn (DLE) ved Kvinnherad Energi AS har hittil normalt kontrollert nye elektriske anlegg som er utført og meldt av elektroinstallatør. Etter kontrollen er det sendt rapport om eventuelle feil og manglar til både huseigar og installatør.
Frå 1. juli vart det berre enkelte stikkprøvekontrollar frå DLE ved nye elektriske anlegg. Det skal på annan måte sikrast at elektroinstallatøren utfører arbeidet forskriftsmessig.
Dette er: Elektroinstallatøren melder arbeidet på førehand til DLE for registrering og eventuell stikkprøvekontroll. Elektroinstallatøren skal levera "Samsvarserklæring" til huseigaren. Dette er ei stadfesting om at det utførte elektriske anlegget er i forskriftsmessig stand, og oppfyller dei nødvendige normer og krav. Kopi av samsvarserklæringa skal finnast i installatøren sitt internkontrollsystem for kontroll frå DLE. Det er viktig at huseigar passar på å få ei slik samsvarserklæring frå elektroinstallatøren ved alt elektrisk installasjonsarbeid. Denne må oppbevarast som dokumentasjon på anlegget for framtida. Dokumentet skal kunne framvisast ved kontroll frå DLE. Det kan og ha verdi i forhold til forsikringsselskap, ved eventuelt salg m.v.
Hugs også å få arbeidet utført av godkjent autorisert elektroinstallatør. |