(utskriftsvennleg versjon - i pdf format) RETNINGSLINER FOR GRUNNRETTAR TIL HØGSPENTANLEGG
I KVINNHERAD ENERGI AS (KE) SITT FORSYNINGSOMRÅDE.
Vedtekne av styret i Kvinnherad Energi AS, 17.10.2005, sak: 19/05.
HØGSPENTLINJER
1. KE SINE RETTAR OG PLIKTER
For høgspentlinjer gjeld dei vedtekter som til ei kvar tid er fastsett i staten
sine forskrifter for elektriske forsyningsanlegg.
KE er ansvarleg for at dei til ei kvar tid gjeldande lover og forskrifter vert etterkomne.
1.1 Bygging, drift, vedlikehald og ombygging.
Grunneigaren gir med dette KE rett til på eigedomen å byggja, driva og vedlikehalda
24 kV høgspentlinje.
Grunneigar gir og KE rett til å strekkja fiberkabel på same linja.
1.2 Transport og ferdsel, vegar.
KE har rett til å bruka eksisterande og framtidege vegar på eigedomen, samt rett til nødvendig framkomst over eigedomen for gjennomføring av dei rettar som er nemnde under pkt. 1.1. Ferdsel på nemnde vegar til tider då dei på grunn av naturforholda ikkje bør nyttast, skal avgrensast til arbeid som ikkje kan utsetjast. Ferdsel over dyrka mark og beite skal utførast mest mogeleg utanom vekstsesongen.
Ordinært vedlikehald av vegar er KE uvedkomande.
Grunneigaren / vegeigaren er ikkje forplikta til å vedlikehalda eller oppretthalda dei vegar som KE har fått rett til å bruka.
1.3 Byggjeforbod.
I samsvar med forskrifter for elektriske forsyningsanlegg skal avstanden målt i vannrett retning mellom høgspenningsluftleidningen og næraste bygningsdeler vera minst 6 m.Avstanden mellom ytterfasane kan vera opptil 4 m, og belte der det ikkje kan byggjast viktige bygningar på vert 16 m.
For BLX-linjer skal avstanden målt i vannrett retning mellom høgspenningsluftleidningen og næraste bygningsdeler vera minst 4 m.Avstanden mellom ytterfasane kan her vera 1 m , og belte der det ikkje kan byggjast viktige bygningar på vert 9 m.
Ved planlegging av anlegg og bygningar nær høgspentlinja skal KE på førehand varslast slik at avstandar kan verta rett påvist og merka.
1.4 Hogst og ryddebelte.
For høgspentlinjer har KE rett til eit minst 16 m breitt skogryddingsbelte langs linjetraseen.
For BLX-linjer har KE rett til eit minst 9 m breitt skogryddingsbelte langs linjetraseen.
Alt skogsarbeid skal utførast fagmessig.
1.4.1 Hogst i ryddebelte.
Grunneigaren skal varslast før hogst/rydding tar til.
Dersom anna ikkje er avtalt, skal KE stå for førstegongshogst og grunneigaren beheld virket.
I skogryddingsbeltet skal KE ha rett til å rydda tre og vekster som etter eiga meining er nødvendig for å halda vegetasjonen tilstrekkeleg nede.
Nedfelt virke og avfall må ikkje plasserast slik at det kan stengja for driftsvegar og stiar eller tetta igjen bekker og grøfter.
Ved bruk av sprøytemiddel, som t.d. Roundup, for å halda vegitasjonen nede skal det innhentast løyve hjå grunneigar.
1.4.2 Hogst utanfor ryddebelte
KE skal ha rett til på utsette stader å hogga tre også utanfor skogryddingsbeltet dersom det kan vera fare for at desse trea kan medføra problem for drifta av linja.
Grunneigaren skal varslast seinast når slik hogst er foreteke.
1.5 GRUNNEIGAREN SINE RETTER OG PLIKTER
1.5.1 Eigedomsrett til grunn.
Grunneigaren beheld eigedomsretten til grunnen og kan fritt disponera denne til dyrking, beiting, transport o.l. då med dei avgrensingar som følgjer av nærværande avtale og dei til ei kvar tid gjeldande lover og forskrifter.
Dersom grunneigaren ynskjer nytta traseen til juletreproduksjon må dette avtalast.
Grunneigar pliktar å halda eventuelle juletrær lågare enn 2,5 meter.
1.5.2 Arbeid nær leidningen.
Ved felling av tre i nærleiken av kraftlinjene, der det er fåre for skade på personar og linje, skal KE varslast i god tid på førehand. KE skal vera tilstades dersom ein finn det turvande.
Tilsvarande gjeld for sprengingsarbeid,brenning,transport, terrengforandring m.m.
KE dekkjer kostnader til å bistå grunneigar med sikringstiltak ved utføring av slike
arbeid .
Dersom ikkje KE vert varsla,kan grunneigar verta ansvarleg etter alminnelege erstatningsreglar.
2. Opprydding.
Grunneigaren kan krevja at materiell som har vorte att etter KE sitt anleggsarbeid eller ved seinare vedlikehald vert fjerna snarast mogleg i den utstrekning det ellers kan verta til skade eller ulempe for grunneigaren.
KABELANLEGG
3.1 Grunneigaren gir KE:
- rett til å byggja, driva, reparera og vedlikehalda 24 kV kablar over eigedomen.
- rett til fornya eller byggja om anlegget.
- rett til nødvendig framkomst over eigedomen for utføring av ovanfor
nemnde rettar.
- rett til å forby oppføring av bygningar eller andre anlegg så nær kabelen at denne kan skadast eller at tilkomsten for oppgraving og reparasjon vert hindra.
Vanligvis må ein rekna med eit byggeforbud på 1 m på kvar side av kabelen.
3.2 Grunneigaren er etter alminnelege erstatningsreglar ansvarleg for skader han påfører kablane som t.d. ved sprenging, terrengforandringar og nedsetting av gjerdepåler. Dersom slikt arbeid skal utførast skal KE varslast.
Den som krev kablane flytta må til vanleg betala kostnaden med dette.
3.3 I dyrka mark skal grøftedjupna vera minst 1 m.
NETTSTASJON
4.1 Grunneigaren gir KE:
- rett til å byggja, driva og vedlikehalda ein nettstasjon på eigedomen.
- rett til å leggja og vedlikehalda høg- og lågspentkablar fram til
nettstasjonen.
- rett til nødvendig framkomst til nettstasjonen og kabelanlegget
med personale, utstyr og transportmidlar.
- rett til å forby bygging eller planting på eigedomen som kan vera til skade eller hinder for vedlikehaldet av nettstasjonen med kabelanlegget.
4.2 Grunneigaren er etter alminnelege erstatningsreglar ansvarleg for skader han påfører nettstasjonen og kabelanlegget ved som t.d. sprengingsarbeid, terrengforandringar og nedsetting av gjerdepåler.
Dersom slikt arbeid skal utførast skal KE varslast.
Den som ønskjer å få flytta nettstasjonen må sjølv bera kostnaden med dette. Dersom KE sitt behov for nettstasjonen fell bort, kan grunneigaren krevja å få nettstasjonen fjerna og terrenget planert kostnadsfritt.
NETTSTASJON I BYGG
5.1 Grunneigaren gir KE:
- rett til rom for bygging av nettstasjon.
Rommet vert utført i samsvar med KE sine krav.
- rett til drift og vedlikehald av nettstasjonen.
- rett til å leggja og vedlikehalda kablar fram til nettstasjonen.
- rett til nødvendig framkomst over eigedomen for å utføra ovanfor
nemnde rettar.
- rett til å forby bygningsmessige endringar som gjer det vanskeleg
for framkomst eller ventilasjon.
KE kan levera straum til andre kundar frå nettstasjonen.
5.2 Grunneigaren er etter alminnelege erstatningsreglar ansvarleg for skader han påfører nettstasjonen eller kablar.
KE må kontaktast når arbeid som kan skade nettstasjonen ønskjest utført.
Den som ønskjer å flytta nettstasjonen må bera kostnadene.
Fell behovet for nettstasjonen bort, kan eigaren vederlagsfritt krevja rommet tilbake i rydda stand.
6. ERSTATNING
6.1 KE si erstatningsplikt.
Erstatning for klausulering av og inngrep i grunnen, ulemper og tap av eit kvart slag, samt for avståing av rettar i samsvar med nærverande avtale, vert fastsett eit beløp ein gong for alle.
Til utrekning av erstatning for høgspentlinjer vert det brukt ein grunnverditabell som vert prisjustert etter eit snitt av tømmerprisane dei siste fem åra.
Grunnerstatning for høgspentkablar og nettstasjonar vert betalt som i grunnverditabellen.
6.2 Erstatning ved ombygging og flytting
Ved ombygging av eksisterande linje i same trase vert det betalt 20 % av grunnerstatning som for ny linje med same bandlagt areal.
Eventuelt utvida bandlagt areal vert betalt som for ny linje.
Vert linja flytt vert det betalt erstatning som for ny linje.
Ved fornying/utskifting av høgspentkabel der denne går i same trase som eksisterande vert det betalt 20 % av grunnerstatning som for ny kabeltrase.
6.3 Grunnerstatning for bustadeigedom og frådelt tomt
Som utgangspunkt for fastsetjing av erstatninga skal vi nytta råtomtpris i område, d.v.s. markedpris på arealet før opparbeiding av tekniske anlegg.
Prisen skal vera ein gjennomsnitt for eit avgrensa område og skal fastsetjast i samråd med kommunen. Som grunnerstatning vert det betalt 25% av råtomtprisen i det aktuelle området.
Stolpar vert betalt med kr. 500,- pr. stk. Barduner vert betalt med kr. 250,- pr. stk.
Stag vert betalt med kr. 250,- pr. sett.
6.4 Grunnerstatning for planlagde tomteområde
Det vert nytta lik urekningsmåte som for bustadeigedom. Grunnerstatninga vert betalt med 15% av den framkomne råtomtprisen i det aktuelle området.
Det skal og i tillegg betalast 15% erstatning for stolpar, barduner og stagsett.
Reglane skal nyttast der det føreligg godkjent tomtedelingsplan, reguleringsplan eller det føreligg offentleg godkjende planar for spreidd busetnad.
6.5 Erstatning etter særskild avtale eller skjønn.
Skader og ulemper som KE måtte vera årsak til under anleggstida eller seinare og som det ikkje er teke omsyn til ved fastsetjing av eingongserstatning i denne avtalen, vert utbetra eller godtgjort etter særskild avtale eller skjønn.
Erstatning kan og med bindande verknad fastsetjast av offentleg godkjent skjønnstakstmann.
7. ALMINNELEGE VEDTAK
7.1 Tvister
Tvister eller usemje av skjønnsmessig art vert avgjort ved rettsleg skjønn.
7.2 &nb |